HUNDELIV

Kortdokumentar/kunstfilm

Manus, foto og regi/writer, cinematography and director: Kieran Kolle

Produsent/Producer: Elin Sander

Tel. +47 917 81 028
 

Korleis er livet ditt når du er ein hund og eigaren din er ein eldre heroinist?

 

Hundeliv er ei observerande og estetisk reise inn i eit utfordrande hundeliv. Filmen skal gå inn i eit komplisert og tungt tema, sett frå ein hund sitt perspektiv. Historia formidlast gjennom hunden sine handlingar, rørsler og utrykk, og menneska er berre diffuse skikkelsar i bakgrunnen som trer inn i hundens univers hovudsakleg via lyden. Gjennom hunden blir vi kjende med mennesket og det livet denne personen lever. Filmen sitt korte format og undersøkande forteljarperspektiv opnar opp for eksperimentell dramaturgi og formspråk, og uttrykket skal vere både nysgjerrig og leikent.

.

Finansiører/financiers: Vestnorsk Filmsenter