
CECILIE
Dokumentar/documentary
Regi/directors: Olaug Spissøy Kyvik & Turid Rogne
Produsent/producer: Turid Rogne
Manus/script: Olaug Spissøy Kyvik & Turid Rogne
Tel.: +47 900 73 708
Finansiører/financiers: Vestnorsk filmsenter
Cecilie Leganger! Namnet gir ein heilt eineståande gjenklang i internasjonal handballhistorie, og får det til å ringe eit brusande ekko av publikumsjubel og klirrande edelt metall i handballarenaer frå Bergen til Sydney: Stjernekeeper Cecilie Leganger har vore med på så mange idrettsbragder at det knapt går å nemne alle. Men kva skjedde så?
Etter alt bruset søkte Cecilie stillheita, og ute i havgapet har ho funne sin eigen tone. No har ho begynt ei ny reise for å bli blant dei beste på sitt felt.
Status: I tidlig utvikling/in early development.